Om meg

     Kven er eg?

Eg er Adrian, 23 år og er opphaveleg frå Førde. Eg har teke ein bachelorgrad i trening, fysisk aktivitet og helse ved HVL i Sogndal. Med bachelorgrada er eg kvalifisert til tittelen helse- og treningsfysiolog. Som helse- og treningsfysiolog er t.d. spesialist på fysisk aktivitet for å førebyggje og behandle helseutfordringar. I tilegg har eg 15 studiepoeng som personleg trenar, og 15 studiepoeng innan ernæring og kosthald. Eg har tidlegare jobba som PT på Idrettssenteret i Sogndal. Eg har også teke instruktørkurs i Sterk og Stødig. I tilegg har eg mange års treningserfaring, både innan styrke og uthald. For tida held eg på å ta ein mastergrad i idrettsvitenskap. Eg har brei kompetanse for å hjelpe deg med treninga, og legg vekt på at trening skal vere gøy og tilpassa dine behov.
image

Min kompetanse

  • Bachelorgrad i Trening, fysisk aktivitet og helse
  • Helse og treningsfysiolog
  • Sertifisert PT, og jobba som PT
  • Kurs i Sterk og Stødig
  • Mange års erfaring med trening